
Kossdalen
Eg samarbeider med kulturhuset Den Grøne Fabrikken om guida gruppeturar i Kossdalen, og kan tilby ei skreddarsydd kultur og naturvandring inn dalen, opp dei flotte Kossdalsvingane og tilbake til Hosanger.
Sjølve turen inn og ut av Kossdalen tek om lag 3 timar (ca 8 km). Forutan det bratte partiet (ca 400 m) med hårnålsvingane midt i turen, går vegen i eit lett kupert terreng. Du treng ikkje vera i spesielt god form for å gå turen, men du må tola å gå så langt utan tilgang på toalett. Underlaget er asfalt (1 km), og så grusveg (3 km).
Vil du oppleva Kossdalsvingane?
Skreddarsydd gruppetur med natur, kultur, lokalhistorie og mat.